-
Ruth 4
- 1 Og Boaz hadde gjenge upp på tinget og sett seg der. Då høvde det so at den løysingsmannen som Boaz hadde tala um, gjekk framum der. Han tala åt honom og sagde: «Kom hit og set deg her!» Og han kom og sette seg.
- 2 So tok han burtåt seg ti av styresmennerne i byen og sagde: «Set dykk her!» Og dei sette seg.
- 3 Då sagde han til løysingsmannen: «Det åkerstykket som høyrde Elimelek, bror vår, til, vil No’omi selja, ho som hev kome att frå Moablandet.
- 4 Difor tenkte eg at eg skulde fortelja deg det og segja: Kjøp det du når dei er til stades dei som sit her, og styresmennerne for folket mitt! Vil du taka det etter løysingsretten, so gjer det; vil du ikkje løysa det, då seg meg det, so eg fær vita det; for ingen annan eig løysingsretten enn du, og næst etter deg er det eg sjølv.» Han sagde: «Eg vil løysa det.»
- 5 Då sagde Boaz: «Når du kjøper åkeren av No’omi, so kjøper du honom og av moabitkvinna Rut, kona åt den avlidne, og du skyldar å reisa upp att namnet åt den avlidne, og festa det til arvluten hans.»
- 6 Løysingsmannen svara: «Då kann eg ikkje nytta løysingsretten min, for so spiller eg min eigen arvlut. Løys du åt deg det eg skulde ha løyst, for eg kann ikkje gjera det.»
- 7 Det var gamall sed i Israel når ein mann skulde stadfesta ei løysing eller eit avtala byte, då drog han av seg skoen og gav honom til den andre, og dette gjaldt som ein vitnesburd i Israel.
- 8 Då sagde løysingsmannen til Boaz: «Kjøp det du!» og so drog han av seg skoen.
- 9 Boaz sagde no til styresmennerne og til alt folket: «De er i dag vitne på at eg hev kjøpt av No’omi alt det som hev høyrt Elimelek til, og alt som hev høyrt Kiljon og Mahlon til.
- 10 Like eins hev eg kjøpt moabitkvinna Rut, kona hans Mahlon, til kona åt meg, so eg kann reisa namnet åt den avlidne og festa det til arvluten hans, so namnet hans ikkje kjem burt millom brørne hans eller frå porten på heimstaden hans. De er vitne på dette i dag.»
- 11 Og alt folket som var på tinget og styresmennerne sagde: «Ja, det er me. Herren gjeve at den kvinna som no gjeng inn i huset ditt, må verta som Rakel og Lea, dei tvo som hev bygt upp Israels hus! Og gjev du må koma til velmagt i Efrata og verta namngjeten i Betlehem!
- 12 Og gjev at dei etterkomarar som Herren vil gjeva deg med denne unge kvinna, må verta ei ætt som ætti hans Peres, han som Tamar fødde åt Juda!»
- 13 So tok då Boaz Rut til seg, og ho vart kona hans; han gjekk inn til henne, og Herren gav henne livsfrukt, og ho fødde ein son.
- 14 Då sagde kvinnorne til No’omi: «Lova vere Herren som hev gjort at du idag ikkje vantar løysingsmann! Han skal verta namngjeten i Israel.
- 15 Han skal verta ein trøystar åt deg og din alderdoms hjelp; for sonekona di, ho som held av deg, hev født honom; ho som er meir for deg enn sju søner.»
- 16 Og No’omi tok barnet og lagde det i fanget sitt og vart fostermor åt det.
- 17 Og grannekvinnorne gav honom namn og sagde: «No’omi hev fenge ein son,» og dei gav honom namnet Obed; Han vart far åt Isai, far åt David.
- 18 Her er ættartalet hans Peres: Peres var far åt Hesron.
- 19 Hesron var far åt Ram, og Ram var far åt Amminadab.
- 20 Amminadab var far åt Nahson, og Nahson far åt Salma.
- 21 Salmon var far åt Boaz, og Boaz far åt Obed.
- 22 Obed var far åt Isai, og Isai far åt David.
-
-
World English Bible (web)
- Afrikaans
- Albanian
- Arabic
- Armenian
- Basque
- Breton
- Calo
- Chamorro
- Cherokee
- Chinese
- Coptic
- Croatian
- Czech
- Danish
- Dari
- Dutch
-
English
American King James Version (akjv) American Standard Version (asv) Basic English Bible (basicenglish) Douay Rheims (douayrheims) John Wycliffe Bible (c.1395) (wycliffe) King James Version (kjv) King James Version (1769) with Strongs Numbers and Morphology and CatchWords, including Apocrypha (without glosses) (kjva) Webster's Bible (wb) Weymouth NT (weymouth) William Tyndale Bible (1525/1530) (tyndale) World English Bible (web) Young's Literal Translation (ylt)
- English and Klingon.
- Esperanto
- Estonian
- Finnish
- French
- German
- Gothic
- Greek
- Greek Modern
- Hebrew
- Hungarian
- Italian
- Japanese
- Korean
- Latin
- Latvian
- Lithuanian
- Malagasy
- Malayalam
- Manx Gaelic
- Maori
- Mongolian
- Myanmar Burmse
- Ndebele
- Norwegian bokmal
- Norwegian nynorsk
- Pohnpeian
- Polish
- Portuguese
- Potawatomi
- Romanian
- Russian
- Scottish Gaelic
- Serbian
- Shona
- Slavonic Elizabeth
- Spanish
- Swahili
- Swedish
- Syriac
- Tagalog
- Tausug
- Thai
- Tok Pisin
- Turkish
- Ukrainian
- Uma
- Vietnamese
-
Studentmållagsbibelen frå 1921 (norsmb - 1)
2012-01-25Norwegian nynorsk (nn)
Den første komplette Bibel på nynorsk, utgitt av Studentmållaget i Oslo i 1921
- Encoding: UTF-8
- Direction: LTR
- LCSH: Bible. Norwegian.
- Distribution Abbreviation: SMB
License
Public Domain
Source (OSIS)
http://gamal.nynorsk.no/mu/smio/bibelen/
- history_1.0
- First version (2012-01-25)

Favourite Verse
You should select one of your favourite verses.
This verse in combination with your session key will be used to authenticate you in the future.
This is currently the active session key.
Should you have another session key from a previous session.
You can add it here to load your previous session.