-
Numbers 25
- 1 Med Israels-folket heldt til i Sittim, tok folket til å fljuga etter kvinnorne i Moab.
- 2 Og Moabs-kvinnorne bad deim til blotveitslorne åt guden sin; so åt dei med deim og bøygde kne for guden deira;
- 3 Israel tydde seg til Ba’al-Peor. Då vart Herren brennande harm på Israel,
- 4 og Herren sagde til Moses: «Tak med deg alle Israels hovdingar, og legg desse mennerne på stegl for Guds og alle manns augo, so Herrens brennande vreide kann vendast burt frå Israel!»
- 5 Og Moses sagde til styresmennerne i Israel: «Kvar av dykk skal slå i hel deim av folki sine som hev halde seg til Ba’al-Peor!»
- 6 Best det var, kom ein av Israels-sønerne med ei kvinna frå Midjan, og leidde henne heim til sitt eige folk midt for augo på Moses og heile Israels-lyden, med dei sat og syrgde i møtetjelddøri.
- 7 Då Pinehas, son åt Eleazar og soneson åt Aron, øvstepresten, såg det, steig han fram or lyden, og treiv eit spjot
- 8 og gjekk etter mannen inn i koven, og rende spjotet gjenom deim båe, mannen og kvinna, so det gjekk inn i livet hennar. Då stanna sotti som herja Israels-folket.
- 9 Men talet på deim som døydde i sotti, var fire og tjuge tusund.
- 10 Og Herren tala til Moses, og sagde:
- 11 «Pinehas, son åt Eleazar og soneson åt Aron, øvstepresten, hev vendt vreiden min burt frå Israels-folket; etter di han stod so strengt på min rett, vilde ikkje eg vera so streng at eg gjorde ende på Israels-borni.
- 12 Difor skal du segja honom at eg vil gjera samband med honom, so det skal ganga honom vel;
- 13 ævelegt prestedøme lovar eg honom og ætti hans etter honom, for di han var so vyrk for æra åt sin Gud og gjorde soning for Israels-folket.»
- 14 Den drepne israeliten, han som vart drepen i hop med den midjanitiske kvinna, heitte Zimri Saluson; han var formann for ei grein av Simeons-ætti.
- 15 Og midjanitkvinna som vart drepi, heitte Kozbi; ho var dotter åt Sur, som var hovding yver ei ættgrein av midjanitarne.
- 16 Og Herren tala til Moses, og sagde:
- 17 «De skal søkja åt midjanitarne og slå deim ned;
- 18 for dei sat um dykk og lagde svikråder mot dykk då det hende, dette med Peor og Kozbi, frenka deira, hovdingdotteri frå Midjan, som vart drepi den gongen sotti kom yver dykk for Peors skuld.»
-
-
World English Bible (web)
- Afrikaans
- Albanian
- Arabic
- Armenian
- Basque
- Breton
- Calo
- Chamorro
- Cherokee
- Chinese
- Coptic
- Croatian
- Czech
- Danish
- Dari
- Dutch
-
English
American King James Version (akjv) American Standard Version (asv) Basic English Bible (basicenglish) Douay Rheims (douayrheims) John Wycliffe Bible (c.1395) (wycliffe) King James Version (kjv) King James Version (1769) with Strongs Numbers and Morphology and CatchWords, including Apocrypha (without glosses) (kjva) Webster's Bible (wb) Weymouth NT (weymouth) William Tyndale Bible (1525/1530) (tyndale) World English Bible (web) Young's Literal Translation (ylt)
- English and Klingon.
- Esperanto
- Estonian
- Finnish
- French
- German
- Gothic
- Greek
- Greek Modern
- Hebrew
- Hungarian
- Italian
- Japanese
- Korean
- Latin
- Latvian
- Lithuanian
- Malagasy
- Malayalam
- Manx Gaelic
- Maori
- Mongolian
- Myanmar Burmse
- Ndebele
- Norwegian bokmal
- Norwegian nynorsk
- Pohnpeian
- Polish
- Portuguese
- Potawatomi
- Romanian
- Russian
- Scottish Gaelic
- Serbian
- Shona
- Slavonic Elizabeth
- Spanish
- Swahili
- Swedish
- Syriac
- Tagalog
- Tausug
- Thai
- Tok Pisin
- Turkish
- Ukrainian
- Uma
- Vietnamese
-
Studentmållagsbibelen frå 1921 (norsmb - 1)
2012-01-25Norwegian nynorsk (nn)
Den første komplette Bibel på nynorsk, utgitt av Studentmållaget i Oslo i 1921
- Encoding: UTF-8
- Direction: LTR
- LCSH: Bible. Norwegian.
- Distribution Abbreviation: SMB
License
Public Domain
Source (OSIS)
http://gamal.nynorsk.no/mu/smio/bibelen/
- history_1.0
- First version (2012-01-25)

Favourite Verse
You should select one of your favourite verses.
This verse in combination with your session key will be used to authenticate you in the future.
This is currently the active session key.
Should you have another session key from a previous session.
You can add it here to load your previous session.