-
Leviticus 2
- 1 Når nokon vil bera fram eit grjonoffer for Herren, so skal offergåva hans vera fint mjøl; det skal han hella olje yver og leggja røykjelse attmed,
- 2 og so skal han koma til Arons-sønerne, til prestarne, med det, og presten skal taka ein neve av mjølet og oljen og so all røykelsen, og brenna det på altaret, so røyken stig upp mot himmelen til ei minning; då er det ein offerret åt Herren, ein som det angar godt av.
- 3 Det som er att av grjonofferet, skal Aron og sønerne hans hava; det høyrer til det som er høgheilagt av offerrettarne åt Herren.
- 4 Når du vil bera fram eit grjonoffer av noko som er baka i omn, so skal det vera av fint mjøl, anten hellekakor med olje i eller oljesmurde tunnbrødleivar.
- 5 Vil du gjeva eit grjonoffer som er steikt på takka, so skal det og vera av fint mjøl som er blanda med olje, og usyrt.
- 6 Du skal brjota det i bitar, og hella olje yver det, so er det eit rett grjonoffer.
- 7 Vil du gjeva eit grjonoffer som er steikt i panna, so skal det med vera tillaga av fint mjøl og olje.
- 8 Når grjonofferet er tillaga på ein av dei måtarne, skal du bera det fram for Herren. Du skal koma til presten med det, og han skal bera det fram åt altaret.
- 9 So skal presten taka av det som skal vera til minningsoffer, og brenna det på altaret, so røyken stig upp mot himmelen; då er det ein offerret åt Herren, ein som det angar godt av.
- 10 Og det som då er att av offeret, skal Aron og sønerne hans hava. Det høyrer til det som er høgheilagt av Herrens offerrettar.
- 11 Eit grjonoffer som de ber fram for Herren, må aldri vera syrt; det som det er surdeig eller honning i, må de ikkje brenna til offermat for Herren.
- 12 Til nygrødeoffer kann de hava det; men på altaret må det ikkje koma, til godange for Herren.
- 13 Alle grjonoffer som du ber fram, skal du salta; aldri må du lata det vanta på salt i grjonofferet ditt. Saltet høyrer til sambandet med din Gud; di skal du bera fram salt attåt alle offeri dine.
- 14 Vil du gjeva Herren eit grjonoffer av nygrøda, so skal offeret som du ber fram av nygrøda divera aks som er steikte yver elden, eller nyhausta korn som er grøypt.
- 15 Det skal du hella olje yver og leggja røykjelse attmed; då er det eit rett grjonoffer.
- 16 Og presten skal brenna noko av det grøypte kornet og av oljen og all røykjelsen, so røyken stig upp mot himmelen til ei minning; då er det ein god offerrett for Herren.
-
-
World English Bible (web)
- Afrikaans
- Albanian
- Arabic
- Armenian
- Basque
- Breton
- Calo
- Chamorro
- Cherokee
- Chinese
- Coptic
- Croatian
- Czech
- Danish
- Dari
- Dutch
-
English
American King James Version (akjv) American Standard Version (asv) Basic English Bible (basicenglish) Douay Rheims (douayrheims) John Wycliffe Bible (c.1395) (wycliffe) King James Version (kjv) King James Version (1769) with Strongs Numbers and Morphology and CatchWords, including Apocrypha (without glosses) (kjva) Webster's Bible (wb) Weymouth NT (weymouth) William Tyndale Bible (1525/1530) (tyndale) World English Bible (web) Young's Literal Translation (ylt)
- English and Klingon.
- Esperanto
- Estonian
- Finnish
- French
- German
- Gothic
- Greek
- Greek Modern
- Hebrew
- Hungarian
- Italian
- Japanese
- Korean
- Latin
- Latvian
- Lithuanian
- Malagasy
- Malayalam
- Manx Gaelic
- Maori
- Mongolian
- Myanmar Burmse
- Ndebele
- Norwegian bokmal
- Norwegian nynorsk
- Pohnpeian
- Polish
- Portuguese
- Potawatomi
- Romanian
- Russian
- Scottish Gaelic
- Serbian
- Shona
- Slavonic Elizabeth
- Spanish
- Swahili
- Swedish
- Syriac
- Tagalog
- Tausug
- Thai
- Tok Pisin
- Turkish
- Ukrainian
- Uma
- Vietnamese
-
Studentmållagsbibelen frå 1921 (norsmb - 1)
2012-01-25Norwegian nynorsk (nn)
Den første komplette Bibel på nynorsk, utgitt av Studentmållaget i Oslo i 1921
- Encoding: UTF-8
- Direction: LTR
- LCSH: Bible. Norwegian.
- Distribution Abbreviation: SMB
License
Public Domain
Source (OSIS)
http://gamal.nynorsk.no/mu/smio/bibelen/
- history_1.0
- First version (2012-01-25)

Favourite Verse
You should select one of your favourite verses.
This verse in combination with your session key will be used to authenticate you in the future.
This is currently the active session key.
Should you have another session key from a previous session.
You can add it here to load your previous session.