-
Job 4
- 1 Då tok Elifaz frå Teman til ords og sagde:
- 2 «Vert du vel tykkjen um eg talar? Men kven kann halda ordi inne?
- 3 På rette veg du førde mange; dei trøytte hender styrkte du;
- 4 med ord du hjelpte deim som snåva, og gav dei veike knei kraft.
- 5 Men når det gjeld deg sjølv, du klagar; når deg det råkar, ræddast du!
- 6 Di von du på di gudstru bygde og sette lit til last-laust liv.
- 7 Tenk etter: Når vart skuldlaus tynt? Når gjekk rettvis mann til grunns?
- 8 Stødt fann eg: dei som urett pløgde, og sådde naud, dei hausta slikt;
- 9 dei stupte for Guds andedrag, gjekk for hans vreidestorm til grunns.
- 10 Ja, løva skrik, og villdyr burar; ungløva fær sin tanngard knekt;
- 11 og løva døyr av skort på rov; løvinna misser sine ungar.
- 12 Ein løynleg tale til meg kom; i øyra mitt det stilt vart kviskra,
- 13 som tankar i eit nattsyn kjem, når svevnen tung på folki kviler.
- 14 Det kom ei rædsla yver meg, ei skjelving gjenom alle lemer;
- 15 ein gust meg yver panna strauk, og på min kropp seg håri reiste;
- 16 og noko stogga for mi åsyn; eg kunde ikkje klårt skilja; framfor mitt auga stod eit bilæt’, eg høyrde som ei røyst som kviskra:
- 17 «Hev menneskjet vel rett for Gud? Er mannen rein framfor sin skapar?
- 18 Han sine tenarar ei trur og finn hjå sine englar lyte -
- 19 enn meir hjå folk i hus av leir; hjå deim som hev sin grunn i moldi, ein kann deim krasa, som eit mol.
- 20 Dei er frå morgon og til kveld; ein krasar deim - kven merkar det? - Og dei vert ikkje funne meir.
- 21 Når deira tjeldsnor vert rykt upp, dei døyr og ingen visdom fær.»
-
-
World English Bible (web)
- Afrikaans
- Albanian
- Arabic
- Armenian
- Basque
- Breton
- Calo
- Chamorro
- Cherokee
- Chinese
- Coptic
- Croatian
- Czech
- Danish
- Dari
- Dutch
-
English
American King James Version (akjv) American Standard Version (asv) Basic English Bible (basicenglish) Douay Rheims (douayrheims) John Wycliffe Bible (c.1395) (wycliffe) King James Version (kjv) King James Version (1769) with Strongs Numbers and Morphology and CatchWords, including Apocrypha (without glosses) (kjva) Webster's Bible (wb) Weymouth NT (weymouth) William Tyndale Bible (1525/1530) (tyndale) World English Bible (web) Young's Literal Translation (ylt)
- English and Klingon.
- Esperanto
- Estonian
- Finnish
- French
- German
- Gothic
- Greek
- Greek Modern
- Hebrew
- Hungarian
- Italian
- Japanese
- Korean
- Latin
- Latvian
- Lithuanian
- Malagasy
- Malayalam
- Manx Gaelic
- Maori
- Mongolian
- Myanmar Burmse
- Ndebele
- Norwegian bokmal
- Norwegian nynorsk
- Pohnpeian
- Polish
- Portuguese
- Potawatomi
- Romanian
- Russian
- Scottish Gaelic
- Serbian
- Shona
- Slavonic Elizabeth
- Spanish
- Swahili
- Swedish
- Syriac
- Tagalog
- Tausug
- Thai
- Tok Pisin
- Turkish
- Ukrainian
- Uma
- Vietnamese
-
Studentmållagsbibelen frå 1921 (norsmb - 1)
2012-01-25Norwegian nynorsk (nn)
Den første komplette Bibel på nynorsk, utgitt av Studentmållaget i Oslo i 1921
- Encoding: UTF-8
- Direction: LTR
- LCSH: Bible. Norwegian.
- Distribution Abbreviation: SMB
License
Public Domain
Source (OSIS)
http://gamal.nynorsk.no/mu/smio/bibelen/
- history_1.0
- First version (2012-01-25)

Favourite Verse
You should select one of your favourite verses.
This verse in combination with your session key will be used to authenticate you in the future.
This is currently the active session key.
Should you have another session key from a previous session.
You can add it here to load your previous session.