-
Hebrews 6
- 1 Difor vil me springa yver barnelærdomen um Kristus og skrida fram til det fullkomne, og ikkje atter leggja grunnvollen med umvending frå daude gjerningar og tru på Gud,
- 2 med læra um dåp og handpåleggjing og uppstoda av daude og æveleg dom.
- 3 Og dette vil me gjera, um Gud gjev lov til det.
- 4 For det er umogelegt at dei som ein gong er upplyste og hev smaka den himmelske gåva og fenge lut i den Heilage Ande
- 5 og smaka Guds gode ord og krafterne av den komande verdi
- 6 og so fell frå, atter kann uppnyast til umvending, sidan dei på nytt krossfester Guds son for seg og gjer honom til spott.
- 7 For den jordi som drikk regnet som ofte fell på henne, og ber gagnleg grøda åt deim som ho vert dyrka for, ho fær velsigning av Gud;
- 8 men ber ho tornar og tistlar, so er ho udugleg og forbanning nær, og enden med henne er å verta brend.
- 9 Men um dykk, kjære vener, er me visse på det som betre er, og som høyrer til frelsa, um me og talar soleis.
- 10 For Gud er ikkje urettferdig, so han skulde gløyma dykkar verk og den kjærleiken som de hev synt for hans namn, med di de hev tent og endå tener dei heilage.
- 11 Men me ynskjer at kvar ein av dykk må syna den same ihuge for den fulle vissa i voni alt til enden,
- 12 so de ikkje skal verta seinføre, men fylgja etter deim som ved tru og tolmod erver lovnaderne.
- 13 For då Gud gav Abraham lovnaden, og han ingen større hadde å sverja ved, so svor han ved seg sjølv
- 14 og sagde: «Sanneleg, eg vil rikleg velsigna deg og gjera deg storleg mangfaldig.»
- 15 Og soleis vann han lovnaden, då han hadde venta med tolmod.
- 16 For menneskje sver ved ein større, og eiden er deim ein ende på all motsegn til stadfesting.
- 17 Difor lagde Gud ein eid til, då han enn meir vilde syna ervingarne til lovnaden kor ubrigdeleg hans vilje var,
- 18 so me ved tvo ubrigdelege ting, som Gud umogeleg kunde svika i, skulde hava ei sterk trøyst, me som flydde til å gripa den voni som ventar oss,
- 19 den me hev som eit anker for sjæli, eit som er trygt og fast og når inn um forhenget,
- 20 der Jesus gjekk inn som fyregangsmann for oss, med di han vart øvsteprest etter Melkisedeks vis til æveleg tid.
-
-
World English Bible (web)
- Afrikaans
- Albanian
- Arabic
- Armenian
- Basque
- Breton
- Calo
- Chamorro
- Cherokee
- Chinese
- Coptic
- Croatian
- Czech
- Danish
- Dari
- Dutch
-
English
American King James Version (akjv) American Standard Version (asv) Basic English Bible (basicenglish) Douay Rheims (douayrheims) John Wycliffe Bible (c.1395) (wycliffe) King James Version (kjv) King James Version (1769) with Strongs Numbers and Morphology and CatchWords, including Apocrypha (without glosses) (kjva) Webster's Bible (wb) Weymouth NT (weymouth) William Tyndale Bible (1525/1530) (tyndale) World English Bible (web) Young's Literal Translation (ylt)
- English and Klingon.
- Esperanto
- Estonian
- Finnish
- French
- German
- Gothic
- Greek
- Greek Modern
- Hebrew
- Hungarian
- Italian
- Japanese
- Korean
- Latin
- Latvian
- Lithuanian
- Malagasy
- Malayalam
- Manx Gaelic
- Maori
- Mongolian
- Myanmar Burmse
- Ndebele
- Norwegian bokmal
- Norwegian nynorsk
- Pohnpeian
- Polish
- Portuguese
- Potawatomi
- Romanian
- Russian
- Scottish Gaelic
- Serbian
- Shona
- Slavonic Elizabeth
- Spanish
- Swahili
- Swedish
- Syriac
- Tagalog
- Tausug
- Thai
- Tok Pisin
- Turkish
- Ukrainian
- Uma
- Vietnamese
-
Studentmållagsbibelen frå 1921 (norsmb - 1)
2012-01-25Norwegian nynorsk (nn)
Den første komplette Bibel på nynorsk, utgitt av Studentmållaget i Oslo i 1921
- Encoding: UTF-8
- Direction: LTR
- LCSH: Bible. Norwegian.
- Distribution Abbreviation: SMB
License
Public Domain
Source (OSIS)
http://gamal.nynorsk.no/mu/smio/bibelen/
- history_1.0
- First version (2012-01-25)

Favourite Verse
You should select one of your favourite verses.
This verse in combination with your session key will be used to authenticate you in the future.
This is currently the active session key.
Should you have another session key from a previous session.
You can add it here to load your previous session.